Lærlingar (Apprentices)
 
 
 

ULSTEIN kan gi deg god fagopplæring innanfor ei rekkje område. Etter fullført læretid vil du ha god praktisk og teoretisk kunnskap innanfor faget ditt. Som lærling i ULSTEIN vil du få ei erfaring for livet.

Vi tilbyr lærlingplassar som industrisnekkar, industrirørleggar, industrimekanikar, sveisar, platearbeidar og elektrikar, samt innan IKT-driftsfag.

Lærlingstillingar for 2013 vert utlyste i media og på nettsidene våre under Vacant positions i februar 2013 med oppstart i august same året.

Sjå kva nokre lærlingar og TAF-elevar synes om å jobbe i ULSTEIN under.
 

Håvard, TAF-elev

Helen, elektrolærling

David, IKT-lærling

Link til film Link til film Link til film

“Bedrifta er så stor at ein har gode muligheiter til å kome seg vidare i konsernet seinare. Ei stor lærlinggruppe fører til eit ungt miljø der vi snakkast mykje om felles erfaringar, og vi får god oppfølging frå bedrifta”

Håvard, TAF-elev

 “ULSTEIN er ein interessant plass å jobbe, og eg får prøve mykje forskjellig. Arbeidsmiljøet er veldig bra. Folk er blide og hyggelege og hjelpsame. Eg ser fram til å kome på jobb om morgonen og treffe dei folka eg jobbar i lag med”

Helen, elektrikarlærling

“Eg valte ULSTEIN fordi det er ei stor bedrift der eg kom til å få prøve mykje ulikt og der det er mange muligheiter for framtida, også utanlands. Eg har lært mykje! Eg er også kjempefornøgd med alle velferdsordningane!”

David, IKT-lærling

 
 
 
 More Lærlingar
 
 
 
 
 


COPYRIGHT 2013 - ULSTEIN GROUP ASA - NO-6065 ULSTEINVIK - NORWAY - TEL: +47 7000 8000 - E-MAIL: GR@ULSTEIN.COM